Nye togruter gjeld frå 15. desember

Frå midten av desember starter ein ny rutetermin på jernbanen. Det betyr at toget du normalt sett tar, kan ha fått ny avgangstid, og det kan vere at du har fått fleire togavgangar å velje på for di reise.

  • Nyheter og aktuelt

Publisert: 13. desember 2024 klokken 10:15

Passasjerer på stasjonen når toget stopper.

Mange pendlarar er avhengig av toget i kvardagen. Foto: Øystein Grue, Bane NOR

Kvart år blir det gjennomført endringar i ruteplanen. Søndag 15. desember blir det innført nye tider og avgangar som vil gjelda ut året og fram til desember 2025. 

For komande ruteplan er det lagt inn meir tid til å kjøre togrutene enn i ruteplanen for 2024. Det kan bidra til meir punktlege tog. 

Fleire banestrekningar får endringar 

Gjøvikbanen får fleire avgangar med ny rutetabell. Det blir tog mellom Gjøvik og Oslo kvar time, inkludert på dagtid i helgane.  

På Jærbanen er tidspunkt for nokre avgangar justert, for å imøtekome pendlarar og politikarar sine ønskjer, og for å bidra til meir punktleg og robust morgontrafikk.  

For nokre avgangar på Sørlandsbanen er det lagt inn att stopp som vart fjerna i 2024, blant anna på Vegårdshei og Audnedal.  

Vossabanen får ein ny avgang mellom Bergen og Voss, og Voss og Bergen på kveldstid, måndag til laurdag. Frå Arna til Bergen blir det også ei auke i tilbodet, ein ekstra, tidleg avgang på søndagar.   

Begge tunnelløp i Blixtunnelen opne igjen 

Arbeidet med å skifte ut straumlinene og justering av sporvidda i Blixtunnelen på Follobanen er no ferdigstilt. Frå og med 15. desember vil det gå trafikk som normalt i begge tunnelløpa. Reisande kan dermed nytte direktetoga i begge retningar mellom Oslo S og Ski.  

Bane NOR har arbeidd i eit tunnelløp av gongen sidan 15. april medan det andre tunnelløpet har vore ope for togtrafikk. Arbeidet har vore gjennomført slik at det har skapt minst mogleg konsekvensar for dei reisande. Dei som har pendla mot Oslo om morgonen og tilbake igjen mot Ski på ettermiddagen, har vore prioritert. Desse toga har køyrt gjennom Blixtunnelen i begge retningar. Annan togtrafikk har køyrt på Østfoldbanens lokale linje. 

Sjekk reiseappar for oppdatert informasjon

For meir informasjon om endringane i den nye ruteterminen og kva dette betyr for deg og di reise, sjekk appen til reiseselskapet ditt, eller Entur-appen.  

  


Publisert: 13. desember 2024 klokken 10:15