Nattarbeid i sporet på Jærbanen

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Sørlandsbanen. I tida som kjem vil det gå føre seg nattarbeid på eit par delstrekningar av Jærbanen. Arbeidet femner utskifting av skjener samt kapping og fjerning av gamle skjener som vart bytta ut i fjor haust.

  • Sørlandsbanen
  • Rogaland
  • Nabovarsel
  • Vedlikeholdsarbeid

Publisert: 12. februar 2024 klokken 10:04

På delstrekninga Boganes – Jåttåvågen vil det i perioden 19. – 23. februar gå føre seg klipping og transport av gamle skjener. Arbeidet vil gå føre seg mellom kl. 00.30 og 04.30 dei aktuelle nettene i perioden. Aktivitetane vil innebere kortvarig støy, men flytter seg jamt, noko som bidreg til at periodane med støy vil være forbigåande.

På delstrekninga Skeiane – Sandnes nord vil det i periodane 19. – 23. februar og 4. – 15. mars  gå føre seg utskifting av skjener. Arbeidet utførast i tida mellom kl. 00.30 og 04.30 dei aktuelle nettene. Det generelle støynivået, vil være relativt moderat, men korte periodar med noko kraftigare støy knytt til kapping og sliping av nye skjeneskøyter på påreknast.

Kvifor kvelds- og nattarbeid?

Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.

Spørsmål om arbeida?

Dersom du ynskjer meir informasjon eller har andre spørsmål om arbeida, ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 477 70 098 eller send en e-post til kundesenter@banenor.no

Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)


Publisert: 12. februar 2024 klokken 10:04