Sporarbeid ved Lundarosen bru 7. april – 14. mai
Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Bergensbanen. I tida mellom 7. april og 14. mai, vil det gå føre seg sporarbeid ved Lundarosen bru.
Publisert: 20. mars 2025 klokken 14:04
Slik skal me jobba
Tid og stad
Frå måndag 7. april til onsdag 14. mai. Sporarbeid ved Lundarosen bru
Dette skal me gjera
Arbeidet er eit ledd i den permanente utbetringa av sporet i kjølvatnet av avsporinga i midten av november førre året, og femner utskifting av sviller samt såkalla nøytralisering av sporet. Utbetringa vil gå føre seg i tida mellom kl. 20.00 og 06.00 på natta. Unnataket er helga 2. – 4. mai då arbeidet vil gå føre seg døgnkontinuerleg.
Verksemda vil innebere noko støy og uvande lydar, mellom anna knytt til bruk av dieseldrivne maskinar. Det vil også være kortvarige periodar med noko kraftigare støy knytt til kapping, sveising og sliping av nye skjeneskøyter. Me ser oss lei for eventuelle ulemper, men strekar under at det generelle støynivået vil være relativt moderat.
NB!
Me tek atterhald om at framdrifta på arbeida kan bli endra på kort varsel dersom det oppstår uventa hendingar.
Kvifor natt- og helgearbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.
Meir informasjon?
Dersom du ynskjer eller har behov for meir informasjon om arbeidet som skal gjerast, kan du nytte Kontaktskjema | Bane NOR Referanse BB-202504-002 nyttast om du tek kontakt.
Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)
Publisert: 20. mars 2025 klokken 14:04