Sporarbeid i Bulkentunnelen 10. april – 13. mai
Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Bergensbanen. I tida mellom 10. april og 13. mai, vil det gå føre seg sporarbeid i Bulkentunnelen.
Publisert: 20. mars 2025 klokken 13:46
Slik skal me jobba
Tid og stad
Frå torsdag 10. april til tysdag 13. mai.
Bulkentunnelen
Dette skal me gjera
Arbeidet femner utskifting av sviller, og vil gå føre seg i tida mellom kl. 20.00 og 06.00 på natta. Unnataket er helga 2. – 4. mai då arbeidet vil gå føre seg døgnkontinuerleg. I samband med arbeidet, vert det oppretta ein mellombels riggplass og svillelager ved Bulken stasjon. Her vil det mellom anna være aktivitet knytt til lasting, lossing og transport av sviller.
Verksemda vil innebere noko støy og uvande lydar, mellom anna knytt til bruk av dieseldrivne maskinar. Det vil også være kortvarige periodar med noko kraftigare støy knytt til kapping, sveising og sliping av nye skjeneskøyter. Me ser oss lei for eventuelle ulemper, men strekar under at det generelle støynivået vil være relativt moderat.
NB!
Me tek atterhald om at framdrifta på arbeida kan bli endra på kort varsel dersom det oppstår uventa hendingar.
Kvifor natt- og helgearbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.
Meir informasjon?
Dersom du ynskjer eller har behov for meir informasjon om arbeidet som skal gjerast, kan du nytte Kontaktskjema | Bane NOR Referanse BB-202504-001 nyttast om du tek kontakt.
Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)
Publisert: 20. mars 2025 klokken 13:46