Nattarbeid i sporet ved Egersund stasjon 2. mars

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Sørlandsbanen. Natt til sundag 2. mars, vil det gå føre seg sporarbeid ved Egersund stasjon.

  • Naboinformasjon
  • Sørlandsbanen
  • Rogaland
  • Vedlikeholdsarbeid

Publisert: 24. februar 2025 klokken 14:16

Slik skal me jobba  

Tid og stad

Frå kl. 03.00 - 09.00, natt til sundag 2. mars. Vestre ende av Egersund stasjon.

Dette skal me gjera

Arbeidet femner utskifting av slitedelar i ein sporveksel i vestre ende av stasjonen. Arbeidet vil gå føre seg i tida mellom 03.00 og 09.00 den aktuelle natta.

Det generelle støynivået vil være relativt moderat, men arbeidet vil innebere noko støy og uvande lydar, mellom anna knytt til bruk av dieseldrivne spesialmaskinar og ymse verktøy. Me ser oss lei for eventuelle ulemper som fylgje av dette.

Kvifor natt- og helgearbeid? 

Ved arbeid i og ved trafikkert spor er det av omsyn til tryggleiken naudsynt med stans i togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og vedlikehald i perioder av døgeret med liten eller ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar vert råka.

Meir informasjon?

Dersom du ynskjer eller har behov for meir informasjon om arbeidet som skal gjerast, kan du nytte Kontaktskjema | Bane NOR Referanse SB-202503-001 nyttast om du tek kontakt.


Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)


Publisert: 24. februar 2025 klokken 14:16