Mange unge vil bidra til ein betre bane
1875 håpefulle har søkt seg til utdanningar som togleiar, trafikkstyrar og lærlingeplasser i Bane NOR. Det er viktig for å styrkja den framtidsretta og klimavennlege togtransporten.
Publisert: 18. mars 2024 klokken 14:55
Talet på søknader har utløyst jubel og glede i Bane NOR. Resultatet er ein imponerande bunke med 598 søknader til togleiar og 719 til trafikkstyrar. Heile 558 personar har søkt seg til lærlingplassar fordelt på faga banemontør, signalmontør, energimontør og elektrikar. Det vitnar om ei sterk interesse for karrieremoglegheitene våre.
Kva gjer ein togleiar og trafikkstyrar?
Som togleiar har du hovudansvaret for å styra trafikken på ei banestrekning frå ein trafikkstyringssentral. Tradisjonelt har kravet for å bli togleiar vore at du først utdannar deg til, og får erfaring som, trafikkstyrar. I år startar me for første gong ei direkteutdanning for togleiarar på Jernbaneskolen i Oslo.
Som trafikkstyrar kontrollerer og styrer du togtrafikken på eigen stasjon, og gir trafikkinformasjon til dei reisande.
Treng fleire kloke hovud
I forkant av søknadsfristane lanserte me ein kampanje i sosiale medium for å informera om utdannings- og jobbmoglegheitene. Med over åtte millionar visningar på plattformer som Facebook, Instagram, YouTube og Snapchat, har mange fått med seg kva me tilbyr. I tillegg har me delteke på fleire karrieredagar og skulebesøk, for å visa fram kva stillingar og moglegheiter som finst innan jernbanen.
For første gong rekrutterer Bane NOR no til direkteutdanning av togleiarar. Det har møtt stor interesse.
– Det er gledeleg å sjå at så mange finn oss interessant som framtidig arbeidsgivar. Me treng fleire kloke hovud, så det er godt å sjå eit stort engasjement for dette spennande yrket, seier Jørgen Pedersen Langhelle, trafikkdirektør i Bane NOR.
Får flinke og engasjerte folk
Etter at Spordrift vart slått saman med Bane NOR 1. desember i fjor, har me vorte ein stor lærlingbedrift. For at me skal kunna drifta og halda ved like infrastrukturen i tida framover er me avhengig av å rekruttera dyktige fagfolk.
– Me utfører dagleg drift og vedlikehald av jernbanen og treng fleire krefter for å sikra god driftsstabilitet. Me tek inn 50-60 lærlingar kvart år som skal følgjast opp tett. Me skal sørgja for at dei får ei god og givande reise fram til fagprøve og fagbrev. For dette er ei svært god investering i framtida til jernbanen. Her får me flinke og engasjerte folk, seier Henning Bråtebæk, konserndirektør for Drift og vedlikehald i Bane NOR.
Viktig å rekruttera for framtida
Med ein aldrande arbeidsstyrke er det viktig å tiltrekkja og behalda lærlingar for å sikra framtidig kompetanse.
– Rundt 23 prosent av fagarbeidarane våre er over 55 år. Skal me ha tilstrekkeleg med folk i framtida, må me sørgja for å rekruttera mange nok lærlingar og sjå til at desse både trivast og får eit godt lærlingløp slik at dei blir verande hos oss, seier Linn Kaasa, leiar for kompetanseutvikling og mobilisering i Bane NOR.
Publisert: 18. mars 2024 klokken 14:55