Bane NOR takkar for engasjement frå bransjen

Bane Nor har etter grundige inspeksjonar av bruelementa til Randklev bru sør for Ringebu funne at skadeomfanget er avgrensa, og at det er mogleg å gjenbruka elementa.

  • Dovrebanen
  • Prosjekter
  • Gjenoppbygging av Randklev bru
  • Prosjektnyheter
  • Utbyggingsprosjekt

Publisert: 13. desember 2023 klokken 14:36

Foto av utbyggingsdirektør Bettina Sandvin ved Randklev bru, med megakrana i bakgrunnen.

Utbyggingsdirektør Bettina Sandvin takkar bransjen for engasjementet. Foto: Kirsten McDonagh, Bane NOR

Reparasjon og gjenbruk av bruelementa er den raskaste og mest lønnsame løysinga å reetablera sambandet over Gudbrandsdalslågen på. Slik det ser ut no kan me frakta personar og gods klima- og miljøvennleg med tog gjennom Gudbrandsdalen igjen i løpet av våren. Som eit resultat vurderer Bane Nor ikkje lenger alternativa med mellombels løysing og etablering av ny bru.

-Me ønskjer å retta eit stort takk til heile bransjen, inkludert rådgivarar, entreprenørar og leverandørar som har støtta oss med gode idear, mange løysingsforslag, aktiv deltaking i marknadsdialog og med generell støtte, seier Bane Nors utbyggingsdirektør Bettina Sandvin. 

-Det har vore svært motiverande å sjå korleis bransjen har gått saman for å finna løysing for å få full trafikk tilbake på Dovrebanen raskast mogleg, og alle innspel blir tekne vare på for å brukast dersom det skulle dukka opp andre behov, seier Sandvin.


Publisert: 13. desember 2023 klokken 14:36