Gjenoppbygging av Randklev bru
Randklev bru i Ringebu kommune vart teken av flaum og øydelagt etter ekstremvêret «Hans» herjingar på Austlandet. Førebels estimat er at sambandet over Lågen er retta opp igjen innan sommaren 2024.
På denne siden:
Om prosjektet
Randklev bru er ein 172,5 meter lang fagverkbru av stål, med tre like lange spenn. Brua vart bygd i 1957 og er direktefundamentert på elvebotnen. Dei store vassmassane i Gudbrandsdalslågen under ekstremvêret "Hans" førte til skadar på det midtarste brufundamentet som igjen førte til at at den midtre delen av brua rasa ned i elva.
Arbeidet med å undersøkja skadeomfanget og byggja opp att brua starta umiddelbart etter at skadane oppstod. Førebels estimat er at sambandet over Lågen er retta opp igjen innan sommaren 2024.
Følg utbetringane av Randklev bru Ekstern lenke
Me har montert eit webkamera som tek bilete kvart 10. minutt. Her kan du følgja med på utbetringane etter ekstremvêret Hans.
Alternativ trafikkavvikling
Dovrebanen går over Randklev bru og det betyr at denne delen av strekninga ikkje kan trafikkerast. Det er derfor sett inn buss for tog på strekninga mellom Ringebu og Fåvang stasjon.
Les meir om trafikkavviklinga på SJ.no(Ã¥pnes i ny fane).
Godstrafikken på Dovrebanen er mellombels flytta over på Rørosbanen.
Les meir om at godstrafikk er flytta til Rørosbanen.
Kontakt
Kirsten McDonagh
Kommunikasjonsrådgiver
Pressevakt
Pressevakttelefonen er åpen for pressehenvendelser alle dager fra kl. 05:30 til kl. 24:00.
NB! Privatpersoner skal kontakte Kundeservice .
Nyheiter frå prosjektet
Orienterer sentrale politikere
Det er stor interesse for fremdriften i arbeidet med Randklev bru. Bane NOR har nå gjennomført møter med politikere langs Dovre- og Rørosbanen for å informere nærmere.
Bane NOR takkar for engasjement frå bransjen
Bane Nor har etter grundige inspeksjonar av bruelementa til Randklev bru sør for Ringebu funne at skadeomfanget er avgrensa, og at det er mogleg å gjenbruka elementa.
Randklev bru åpner før sommeren
Inspeksjonen av bruelementene til Randklev bru sør for Ringebu viser at skadeomfanget er begrenset, og at det er mulig å gjenbruke elementene.