Bergensbanen, Randsfjordbanen og Flåmsbana skal digitaliserast
Bane NOR fornyar jernbanen sitt signalanlegg over heile landet. Vi jobbar no med å gjere Bergensbanen klar for det nye signalsystemet.
Publisert: 21. april 2023 klokken 11:11
Utdatert teknologi skal erstattast med eit digitalt signalsystem som er felles for alle europeiske land, European Rail Traffic Management System (ERTMS). Det skal gi dei reisande og godstoga færre forseinkingar og fleire tog i rute.
I dei siste åra har vi arbeidd med å leggje kablar, få på plass ny straumforsyning og nye tekniske hus. No har vi att arbeid med å montere nytt signalteknisk utstyr i og langs sporet.
Stor aktivitet på anleggsområdet
Nokre naboar til jernbanen vil kunne merke arbeidet. Noko av arbeidet må gjerast på natt og i helgene av omsyn til både togtrafikken og tryggleiken til mannskapane ute i sporet.
Dei næraste naboane til jernbanen vil få varsling via SMS med meir informasjon ved støyande arbeid og nattarbeid.
Her jobbar me no
Ingen arbeider med ERTMS (nytt digitalt signalsystem) no.
Alternativ overnatting
I samband med støyande arbeid på nattetid tilbyr Bane NOR alternativ overnatting for særleg utsette naboar. Dette må avtalast og bestillast av Bane NOR på førehand, og seinast tre dagar før varsla oppstart av arbeid.
Ved førespurnad om alternativ overnatting, ber vi om utfylling av kontaktskjema.
Søk om alternativ overnatting
Har du fått melding fra oss om at du kan få alternativ overnatting på grunn av støy?
Har du spørsmål?
Er du nabo til jernbanen og har spørsmål om arbeida nær deg, ta kontakt med vårt kundesenter.
Bane NOR Kundeservice
Pb 4350, 2308 Hamar
Bane NORs kundeservice svarer på meldinger per telefon, e-post og Facebook(åpnes i ny fane)
Mandag til fredag
kl. 08:00 - 16:00
(bestilling av assistanse på telefon er åpen til kl. 19.00)
Lørdag/søndag/helligdager
kl. 09:00 - 15:00
Jul- og nyttårsaften
kl. 08:00 - 12:00
Publisert: 21. april 2023 klokken 11:11