Bergensbanen stengt etter ras

Bergensbanen er stengt på høgfjellet mellom Hallingskeid og Myrdal etter eit ras som har gått over jernbanen. Raset gjekk natt til 7. januar, ca. 2,5 km vest for Hallingskeid. Ny informasjon kjem laurdag 11. januar kl. 1200.

  • Nyheter og aktuelt

Publisert: 8. januar 2025 klokken 19:30

Oppdatert: 9. januar 2025 klokken 16:48

Gul snøryddingsmaskin rydder vekk snø

Vi har jobba for fullt med å fjerne all snøen fra snøraset. Foto: Bane NOR

Saka blir oppdatert.
Oppdatering torsdag 9. januar kl. 12.30:
Cirka 45 av 60 meter av rasområdet er no rydda. Arbeidet går føre seg under svært krevjande forhold med kraftig vind, snø og kulde, og blir undervegs stansa av tryggingsomsyn. Rydde- og rivearbeidet har så langt avdekt at omfanget av arbeid for gjenoppbygging er stor, men dette vil me først ha oversikt over når heile skredområdet er rydda.
- Det er etablert eit svært kompetent prosjektteam som skal sørgja for ein forsvarleg og mest mogleg effektiv gjenoppbygging av det som vart skadd eller øydelagt av snømassane, slik at trafikken på Bergensbanen kan komma i gang så snart som mogleg, seier Hans Gunnar Dokken, regionsdirektør Sør-Vest i Bane Nor.
Rasområdet er no kartlagt av geologar, og arbeidet med rydding kom i gang under svært krevjande vêrforhold med stort snøfall og vindkast opptil orkan styrke.  Omfanget på raset er ca. 60 meter.
Det er stort omfang på øydeleggingane. Skredet som har gått, har splitta seg på eit foranliggande kolle og gitt store krefter på to stader. Det er store skadar på eit snøoverbygg og køyreleidningar, medan det førebels er uvisst skadeomfang på andre delar av infrastrukturen, spor og sviller. Dette vil me først få ei oversikt over når staden er rydda. 
Arbeidet blir utført av mannskap frå både Bane NOR, Mesta og Baneservice, etter retningslinjer frå geologar på grunn av fare for nye ras. 
På grunn av omfattande arbeid, krevjande vêrforhold, rasfare og kulde vil arbeidet ta tid, og det er førebels ingen prognose for når Bergensbanen mellom Hallingskeid og Myrdal kan opnast opp. Me beklagar ulempene dette skaper for både gods- og persontrafikken på Bergensbanen.
Et kollapset snøoverbygg som har blitt delt i to av ras.

Det er stort omfang på øydeleggingane. Skredet som har gått, har splitta seg. Steinar Hustoft, GeoRisiko/Bane NOR

 

Publisert: 8. januar 2025 klokken 19:30

Oppdatert: 9. januar 2025 klokken 16:48