Noreg med i nordisk samarbeid om transportberedskap

Dei nordiske landa forbetrar beredskapen i transportsystema sine gjennom tettare samarbeid. Dette skal styrkje den sivile og militære transportberedskapen i Norden.

  • Nyheter og aktuelt

Publisert: 17. januar 2025 klokken 13:16

Sverige, Finland, Danmark og Noreg skal samarbeide om transportberedskap. Foto: Adobe Stock, Bane NOR

Transportstyresmaktene i Sverige, Finland, Noreg og Danmark signerte denne veka ein intensjonsavtale om å styrkje samarbeidet om transportberedskap.

Beredskapssamarbeid og deling av ressursar, erfaringar og ekspertise gjeld på tvers av alle transportformer, det vil seie både luftfart, sjøfart, jernbane og veg. Frå Noreg deltek Statens Vegvesen, Bane NOR, Avinor, Luftfartstilsynet, (Kystverket i prosess).

Ny tryggingspolitisk situasjon

Finland og Sverige har hatt eit samarbeid om transportberedskap i mange år. Dette samarbeidet blir no utvida til å gjelde Noreg og Danmark. 
Bakteppet for det nye samarbeidet er den forverra geopolitiske situasjonen etter Russlands invasjon av Ukraina i 2022, og Sverige og Finlands inntreden i NATO.

Frå Bane NOR signerte konsernsjef Thor Gjermund Eriksen.

– Eg er glad for at vi har fått på plass denne avtalen om grenseoverskridande samarbeid. Betydninga av beredskapen og tryggleiken er spesielt viktig i desse tider. Dei nordiske landa har felles truslar, risikoar og sårbarheiter, og transportsystema våre knytter oss saman. Eg har forventningar til at dette samarbeidet skal gi oss reell verdi og styrkje transportberedskapen vår framover, forteller konsernsjef Thor Gjermund Eriksen.

Jernbanen har ei viktig rolle

Finland leiar samarbeidet, mens Noreg har nestleiaren, representert ved Otto A. Breivik frå Bane NOR.

– Jernbanen har ei viktig rolle både i nasjonal og nordisk beredskap. Vi skal oppretthalde transport på jernbanen i alle typar kriser, og dekke både sivile og militære behov for transport. Vi ser fram til å samarbeide endå tettare med våre nordiske kollegaer, seier Otto A. Breivik, leiar for samfunnstryggleik i Bane NOR.

Samarbeidet skjer på tre nivåer. Fra toppen: det politiske, det strategiske og det operative.

Strukturen på det nordiske transportsamarbeidet. Bane NOR

Otto A. Breivik

Leiar samfunnstryggleik


Publisert: 17. januar 2025 klokken 13:16