Vinner årets Akan-pris
Akanprisen blir delt ut for 29. gong og me er stolte av å vinna årets pris. Me deler førsteplassen med Fredrikstad kommune.
Publisert: 28. november 2024 klokken 14:54
Formålet med Akan-prisen er å gi ei anerkjenning til verksemder som førebyggjer problematisk bruk av alkohol, narkotika, legemiddel, spel og doping på ein god og systematisk måte. I år blir prisen delt ut for 29. gong.
- Det blir gjort veldig mykje godt førebyggjande og varetakande arbeid på norske arbeidsplassar, seier Kristin Sæther, LO-sekretær og styreleiar for Akan kompetansesenter. - Det ser me i arbeidet som er lagt ned blant dei mange nominerte til årets pris, og ikkje minst at me endar opp med delt førsteplass og to vinnarar, Fredrikstad kommune og Bane NOR.
Akan-arbeid i Bane NOR
Det er ei stor anerkjenning for Bane Nor å bli tildelt denne prisen, seier Thor Gjermund Eriksen, konsernsjef, Bane NOR.
-Me har jobba målretta med Akan-arbeid sidan etableringa av verksemda i 2016 og førebygging er ein viktig del av tryggingskulturen vår. Openheit rundt problemstillingar knytt til rus og spelavhengnad er viktig for tryggleiken for våre tilsette på jobb, og for reisande og gods på jernbanen.
- Å vareta tryggleiken på jernbanen er det aller viktigaste me gjer. Det gir ein ekstra dimensjon til det førebyggjande arbeidet som me har fokus på gjennom Akan. Me har få tilfelle med rus og avhengnad i Bane NOR, og det meiner eg hengjar saman med at me bruker Akans verktøy aktivt og er medvite ansvaret vårt, seier Gjermund Eriksen.
Arbeidet har ei sterk forankring i leiinga vår og Akan-utvalet har ein omfattande handlingsplan som blir rullert årleg og leverer årsrapport til sentralt arbeidsmiljøutval. Me har etablert tillitsbaserte system med openheit framfor kontrolltiltak og interne undersøkingar viser at tilsette er trygge på kva dei skal gjera dersom dei er bekymra for ein kollega.
- Bane NOR har vore gode på kunnskapshenting og erfaringsutveksling. Det er viktig i ein openheitskultur og er grunnlaget for samarbeidet med Akan-kontaktane i Vy. Det blir spennande å følgja Bane NORs vidare arbeid for korleis dette samarbeidet kan utvidast til heile jernbanesektoren. Her er det både målsetjingar og gjennomføringskraft over tid som imponerer, fortel Kristin Sæther om vinnaren.
Tidlegare år har prisen gått til:
2023 – Åssiden videregående skole
2022 – Aker Solution Norge
2021 – Coor Norge
2020 – Hydro Norge
2019 – Elcom AS
2018 – Equinor
2017 – Kongsberg Defence and Aerospace (KDA)
2016 – Porsgrunn kommune
2015 – SAS Ground Handling Services
Publisert: 28. november 2024 klokken 14:54