Randklev bru er opna for togtrafikk
Randklev bru opna for trafikk igjen måndag 20. mai etter at ho vart øydelagd under uvêret Hans i fjor. No kan endeleg person- og godstoga køyra som normalt igjen på heile Dovrebanen.
Publisert: 20. mai 2024 klokken 19:10

Det første godstoget passerer Randklev bru etter gjenopninga. Foto: Eivind Hamre, Bane NOR
Sidan Randklev bru vart øydelagd under uvêret Hans i fjor, har det gått føre seg intensivt arbeid for å få brua opp igjen. Måndag kveld kunne me ønskja det første godstoget over før persontoga følgjer på tysdag morgon.
– Dette er ein dag mange har venta på. Endeleg kan me opna Dovrebanen for gjennomgåande trafikk igjen, seier Thor Gjermund Eriksen, konsernsjef i Bane NOR.
Dovrebanen er ei viktig strekning for både gods- og persontrafikk.
– Dovrebanen er samfunnskritisk viktig fordi strekninga har kapasitet til å frakta store volum mat og andre nødvendige varer effektivt mellom Austlandet og Midt-Noreg. Tog er også det mest klimavennlege og trafikksikre transportalternativet for både personar og gods, seier Eriksen .

Thor Gjermund Eriksen, konsernsjef i Bane NOR Aksel Jermstad, Bane NOR
Den nye brua toler meir ekstremvêr
Det var i august 2023 at ekstremvêret «Hans» herja Gudbrandsdalen. Ekstremvêret førte til jordskred, flaumar fleire stader i landet, og elva Gudbrandsdalslågen fløymde over. Dei store vassmengdene i elva førte til at eit av brufundamenta til Randklev bru velta, og dermed hamna to av bruelementa i elva.
I tillegg til reparasjon av bruelementa, har Bane NOR bygd eit nytt fundament. Det nye fundamentet har ei større grunnflate, og er betre sikra mot erosjon og undergraving for å tola meir ekstremvêr på grunn av klimaendringar. Samtidig er det utført erosjonssikring av det andre brufundamentet.
– Me har jobba intensivt med å opna opp brusambandet så raskt som mogleg. Dette prosjektet har hatt høgaste prioritet hos oss, seier Eriksen.

Det første godstoget køyrer over Randklev bru på veg mot Oslo etter gjenopninga. Kjetil Rolseth, Bane NOR
Publisert: 20. mai 2024 klokken 19:10