Nytt dobbeltspor gir fleire tog mellom Arna og Bergen

Tysdag 14. mai vart dobbeltsporet mellom Arna og Bergen offisielt opna, etter nesten ti års utbygging. Effekten er fleire lokaltog, auka kapasitet for godstrafikk og fleire tog i rute.

  • Nyheter og aktuelt
  • Prosjektnyheter
  • Utbyggingsprosjekt

Publisert: 14. mai 2024 klokken 14:03

Mann i dress klipper snor

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård opnar det nye dobbeltsporet. Foto: Mari Aanensen Rjaanes, Bane NOR

Endringa har allereie komme dei reisande til gode sidan strekninga opna for trafikk 1. mai. Tidlegare køyrde 26 lokaltog i kvar retning per dag, no køyrer dagleg 66 tog på strekninga  – altså fire tog i timen.

Den første veka var så å seie alle avgangane i rute mellom Arna og Bergen; heile 98,8 prosent av togene var i rute.

Etter ombygginga av Nygårdstangen godsterminal vil dobbeltsporet også gjera det mogleg med ein stor auke av godstransport, mellom Vestlandet og Austlandet.

Dobbelt jernbanespor på veg inn i tunnel

Dobbeltsporet mellom Bergen og Arna går gjennom Ulriken tunnel. Helene Foldnes Skage, Bane NOR

God effekt av dobbeltspor

Bane NOR ser ein positiv effekt av nye dobbeltspor fleire stader i landet. Talet på forseinkingar og innstillingar går ned, og kapasiteten aukar; det er plass til langt fleire tog i spora. Det gir moglegheiter for meir klimavennleg og berekraftig transport på skjener.

Follobanen har ført til betre punktlegskap på alle linjene mellom Oslo og Østfoldbyene, og godt over ni av ti tog er i rute. Etter opninga av dobbeltsporet Venjar – Langset gjennom Eidsvoll er også her meir enn ni av ti tog no i rute. 

 - Jernbanestrekninga mellom Arna og Bergen har fram til i dag vore ei av dei høgast belasta enkeltsporstrekningane i Nord-Europa. Strekninga har vore ein flaskehals for både person- og godstrafikk. Med nytt dobbeltspor mellom Arna og Bergen, kan me no sjå fram til ein effektiv transport av gods og personar mellom aust og vest, seier Thor Gjermund Eriksen, konsernsjef i Bane NOR.

Opna med spesiallaga kniv

Tysdag 14. mai vart opninga av dobbeltsporet markert. Nesten 250 gjester vart med toget frå Bergen til Arna og var til stades ved både talar, musikk og høgtideleg snorkutt. Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård fekk i høvet delt ut ein kniv, smidd av ein gammal spikar, til å kutta snora med – og erklæra strekninga for opna.

- Med dobbeltspor mellom Bergen og Arna, ein modernisert godsterminal på Nygårdstangen og oppgradert Arna stasjon er infrastrukturen i Bergen godt rusta for at fleire passasjerar og meir gods kan transporterast klimavennleg på tog. Då det første løpet i Ulriken tunnel opna i 1964, sa dåverande samferdselsminister Erik Himle at «fjellet som skilde, er no fjellet som bind». Denne formuleringa stemmer også i dag, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

I 2020 vart den første delen av anlegget teke i bruk då arbeidet med å byggja ny jernbanetunnel tvers gjennom fjellet Ulriken var ferdig. Den nye tunnelen går parallelt med den gamle frå 1964, som no er ferdig rehabilitert. Det er desse to tunnelane som til saman utgjer dobbeltsporet på strekninga.

To blide menn i dress.

Prosjektdirektør i Utbygging vest i Bane Nor, Hans-Egil Larsen og samferdselsminister Jon-Ivar Nygård er fornøgde med at det nye dobbeltsporet allereie gir betre punktlegskap og fleire avgangar på strekninga Bergen-Arna. Bane NOR

Gammalt har vorte nytt

Nye Ulriken tunnel er totalt 7,8 kilometer lang, og sju kilometer er bora med tunnelboremaskina «Ulrikke».  Den gamle tunnelen frå 1964 har vorte rehabilitert mellom anna med nødlys, ballastrens, vass- og frostsikring. I tillegg er det godt tilrettelagt for brannsløkking med tilgang på vatn kvar 500. meter.

Bane NOR har også modernisert gammal infrastruktur, mellom anna gjennom fornying av det opphavlege sikrings- og signalanlegget frå 1972.

- Dobbeltsporutbygginga har bestått av to delprosjekt, høvesvis «Utbygging Arna-Fløen» og «Nygårdstangen-Bergen-Fløen». Begge delprosjekta blir fullførte innanfor kost, tid og kvalitet, fortel prosjektdirektør i Utbygging vest i Bane NOR, Hans-Egil Larsen.


Publisert: 14. mai 2024 klokken 14:03