Først ute med ny standard for rapportering

Bane NOR er blant dei første i Noreg som tek i bruk EUs nye standard for berekraftsrapportering i årsrapporten for 2023.

  • Nyheter og aktuelt

Publisert: 29. mai 2024 klokken 09:00

Direktør bærekraft Karoline Bakka Hjertø

Direktør bærekraft, Karoline Bakka Hjertø, mener ny rapportering kan føre til klimakutt. Foto: Thomas Øverland, Bane NOR

Kan noko så tørt som meir rapportering føra til utsleppskutt og styrkja berekraftsarbeidet i norsk næringsliv?

– Ja, fortel Karoline Bakka Hjertø, berekraftsdirektør i Bane Nor.

– Betre og standardisert rapportering hjelper oss til å setja mål og kraft bak berekraftsarbeidet. Det kan igjen bidra til utsleppskutt og at me styrkjer arbeidet med berekraft både i Bane Nor og i resten av norsk næringsliv. I årsrapporten for 2023 har me teke i bruk EUs nye standard for berekraftsrapportering, og den nye standarden set krav til korleis me skal rapportera og kva me skal rapportera på.

Lettare å samanlikna berekraftsarbeidet mellom ulike selskap

– Noreg er tidleg ute med å følgja opp krava frå EU og er i ferd med å implementera dei i norsk lovgiving. Dette kan gjera oss meir konkurransedyktige når det gjeld berekraft samanlikna med selskap i andre europeiske land, fordi me får betre oversikt over kva me gjer og korleis me skal forbetra oss, fortel Karoline.

Karoline trekkjer fram 5 grunnar til kvifor ny rapporteringsstandard er verdifull:

1. Ein tydeleg definisjon av berekraft 

Klima- og miljømessige forhold, sosiale forhold og forretningsmessige forhold.

– Endeleg har me ei felles forståing av kva berekraft faktisk inneber. Frå klima til natur, vatn, forureining og sirkulærøkonomi til sosial berekraft og forretningsåtferd som blir dekt gjennom tema som tilsette, lokalsamfunn og sluttbrukarar. Dette gir oss eit solid fundament å byggja vidare på.

2. Fokus på vesentlegheit

– Eitt steg nærare å få slutt på grønvaskinga! No må bedriftene visa både positiv og negativ påverknad på natur, miljø og sosiale forhold, og dessutan kva for ein finansiell påverknad dei har. Dette gir investorar og andre interessentar nødvendig innsikt for investeringar og oppfølging av korleis selskapa påverkar og blir påverka av naturen og samfunnet rundt seg.

3. Heile verdikjeda er med

– Ofte skjer dei største menneskerettsbrota eller klimagassutsleppa i leverandørkjeda, utanfor Noreg. Her heime har me sterkare arbeidstakarrettar og miljøkrav enn i mange andre land. No skal heile verdikjeda blir inkludert i rapporteringa, uavhengig av kva land det skjer i. Det gir ei betre oversikt over den faktiske påverknaden vår.

4. Berekraftsarbeidet til selskapa blir sett i samanheng med styring

– Ingen fleire tomme ord om berekraft! Dei nye reglane koplar berekraftsarbeid, forretningsmodell og styring. Styret må ta ansvar – ikkje berre snakka om det. All rapporteringa blir no ein del av meldinga til styret.

5. Kortsiktige og langsiktige mål

– Bedriftene må laga konkrete handlingsplanar for å nå måla sine. Dette gir oss ein veg framover, ikkje berre fine ord på papiret. Måla skal vera konkrete, målbare, og du skal oppgi både kortsiktige og langsiktige mål.

Vil dela Bane Nors erfaringar med andre

– Sidan me er tidleg ute og har prøvd å laga vår første rapport etter dei nye krava, jobbar me no saman med revisorforeininga for å laga ein rettleiar på korleis andre selskap kan starta med rapporteringa si. Ved å vera ein pioner ønskjer me å dela kunnskapen vår og dei erfaringane me har gjort oss, så blir det kanskje litt lettare for dei å starta opp med rapporteringa si, fortel Karoline.

Omfangsrik rapport

Med ny rapporteringsstandard og omfattande krav til rapporteringa, har også omfanget av årsrapporten auka.

– For å komma i mål med årets rapport er det mange dyktige personar frå alle divisjonar som har bidrege. Me er stolte over å ha fått til dette, og at me gjennom arbeidet har styrkt berekraft i Bane Nor. Med nesten 300 sider er det også mest berekraftig å ikkje trykka opp årets rapport, avsluttar Karoline med eit smil.


Publisert: 29. mai 2024 klokken 09:00