Ras på Dovrebanen
Dovrebanen opna igjen onsdag 11. september etter uvêret måndag og tysdag.
Publisert: 10. september 2024 klokken 16:32
Oppdatert: 11. september 2024 klokken 14:39
Store mengder nedbør førte til fleire ras mellom Tretten og Fåvang tysdag 10. september. Mellom Brumunddal og Rudshøgda vart over ti meter med ballast under sporet vaska vekk. Delar av Dovrebanen vart stengt inntil det var trygt å køyra tog på strekninga, men opna igjen allereie onsdag 11. september.
Jobba med å få oversikt
Vår geolog og hydrolog vurderte begge områda, men vatnet måtte trekkja seg tilbake før me kunne få ei fullstendig oversikt.
Mellom Brumunddal og Rudshøgda kom me raskt i gang med arbeidet med å reparera og sporet opna for trafikk natt til onsdag.
Forhøgde beredskap
Strekninga vart stengd for trafikk allereie måndag kveld som eit føre var-tiltak på grunn av mykje vatn.
Me innførte raud beredskap, og me følgjer framleis vêrsituasjonen tett. Me har mellom anna intensivert såkalla visitasjonskøyring, der me kontrollerer linja for eventuelle uregelmessigheiter.
Reiseinformasjon
Sjekk nettsidene til Vy og SJ for informasjon om reisa di.
Følg også med på trafikkmeldingane her på banenor.no.
Publisert: 10. september 2024 klokken 16:32
Oppdatert: 11. september 2024 klokken 14:39