Vegbrua lite aktuell som jernbanebru
Vi har vurdert å byggja om vegbrua over Gudbrandsdalslågen og bruka ho til togtrafikk. No meiner me andre løysingar er betre. Her kan du lesa kvifor.
Publisert: 13. oktober 2023 klokken 12:11
Me jobbar for å kunna få i gang togtrafikk over elva igjen, til beste for reisande, togselskap og godstransportørar som bruker Dovrebanen. Me skjønner at dagens situasjon er krevjande for mange, og ønskjer derfor å finna ei løysing så raskt det lèt seg gjera.
Vegbrua som ligg her var jernbanebru før 1957. Når Randklev bru stod ferdig tok den over togtrafikken, medan bilane gjekk over elva på den gamle brua ved sida av.
Etter ekstremvêret har me vurdert å byta ut vegdekket med skjener, slik at me kan køyra tog over vegbrua. Førebelse undersøkingar viser at det truleg ikkje lèt seg gjera, av fleire grunnar:
- Ekkoloddundersøkingane har avdekt at den sørlege pilaren til brua er skadd og skeiv. (Den er alvorleg undergraven, og at han har fått ein skeivsetning på mellom 20 og 30 centimeter). For at sikringsarbeidet skal kunna gå føre seg på ein trygg måte må det utførast nedanfor brua (frå nedstraums side), og der kjem me ikkje til før delar av jernbanebrua er løfta ut av elva.
- Vegbrua er opphavleg dimensjonert for 13 tonn aksellast og metervekt på 4,8 tonn. Det er heilt i grenseland for å tola dagens togtrafikk i låg fart. Dovrebanen har i dag ei tillaten aksellast på 22,5 tonn, og metervekt på 6,6 tonn.
- Det er ikkje plass til å setja opp kontaktleidningsanlegg på brua, som må til for at toga skal få elektrisitet. Straumanlegget er rett og slett for høgt til å passa inn på vegbrua. Skal ho brukast til jernbane, må toga trekkjast av diesellokomotiv.
- Det vil krevjast omfattande og tidkrevjande sikringsarbeidar for å kunna bruka vegbrua til jernbane. Det er heller ikkje aktuelt å byta ut vegbrua med ei mellombels jernbanebru, av same grunn. Me har nyleg lokalisert ei mogleg reservebru i Tyskland, men denne løysinga vil by på det same tidkrevjande arbeidet for å sikra fundamenta til brua.
Me vurderer det som ei betre løysing å bruka elementa frå dagens Randklev bru og byggja opp igjen ho. Om det lèt seg gjera veit me meir om når me får bruelementa på land, sannsynlegvis i månadsskiftet oktober/november. Då får me undersøkt tilstanden på delane av brua som ligg i elva, og ser om dei kan brukast, eller om me treng ein ny.
Innlandet fylkeskommune skal reparera vegbrua, og me har vurdert ein felles innsats for å fiksa begge bruene samtidig (felles entreprise). Konklusjonen er at det ikkje er mogleg. Grunnen er at arbeidet med jernbanebrua må skje frå ei fylling på nordsida av elva. Jobben med vegbrua må skje frå ei fylling på sørsida. Det går ikkje an å leggja ut fyllingar i elva frå begge sider samtidig.
Me har no ein god dialog og eit godt samarbeid med Innlandet fylkeskommune, mellom anna gjennom vekefaste statusmøter. Her utvekslar me informasjon om grunnundersøkingar, kartlegging av elvebotnen og andre forhold som har noko å seia for arbeidet med å sikra og byggja opp igjen dei to bruene.
Publisert: 13. oktober 2023 klokken 12:11