Opna Noregs grønaste godsterminal

Tysdag 29. august opna samferdselsminister Jon-Ivar Nygård, Noregs grønaste godsterminal på Nygårdstangen i Bergen. 

  • Nyheter og aktuelt

Publisert: 30. august 2023 klokken 14:40

Bilde av et tog ved en perrong, med arbeidsfolk som går langs sporet i gule vester.

Den auka kapasiteten på Nygårdstangen svarer til opp mot 40.000 trailerar i året mellom Oslo og Bergen. Foto: Marius Martinsen Vatvedt, Bane NOR

Lengre lastespor, betre plass til godshandtering og meir effektiv drift. I tett samarbeid med godsoperatørane har Bane NOR no dobla kapasiteten på Nygårdstangen godsterminal.  

Frå start til mål i prosjektet har Bane NOR satsa grønt. Det har vorte lagt stor vekt på berekraft i byggjefasen, mellom anna gjennom sortering og gjenbruk av massar.  

Svarer til 40.000 trailerar 

For å nå Noregs klimamål må me flytta gods frå landevegen og over til jernbanen. Den auka kapasiteten svarer til opp mot 40.000 trailerar i året mellom Oslo og Bergen.  

Terminalen er tilrettelagd for heilt utsleppsfri drift. Den blir berre trafikkert av elektrisk drivne godstog samtidig som det er lagt til rette for at alt løfteutstyret som blir nytta kan vera elektrisk og ladbart.  

I tillegg får terminalen elektrisk tilkopling for kjølekonteinarar og forsyning av terminalbygg gjennom fjernvarme og solceller.  

Samferdselsministeren klipte snora 

Det var Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård som fekk æra av å klippa snora som markerte den offisielle nyopninga tysdag 29. august. Han peika på gevinsten av auka kapasitet.  

– Dette er bra for klima og miljø, og det gjer også framkomma betre på vegane, var noko av det Nygård sa frå scena.    

Mann i dress blir intervjuet av mann med TV-kamera.

– Dette er bra for klima og miljø, og det gjer også framkomma betre på vegane, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård. Her i intervju med NRK. Foto: Marius Martinsen Vatvedt, Bane NOR

Fornøgd med grøn terminal

Også administrerande direktør i CargoNet Ingvild Storås peika på at gods på bane reduserer talet på bilar på vegane. Ho takka også for eit godt samspel med Bane NOR under fornyingsprosessen.   

– For oss i CargoNet betyr ein grøn terminal mykje, sa Storås då ho inntok talarstolen, og la til;

– Dette er viktig for å nå klimamåla våre. Dette er ein stor dag. 

Henning Scheel, konserndirektør for Kunde og marknad i Bane NOR, trekte også fram det gode samarbeidet som har vore undervegs.  

– Saman har me jobba tett med drifta og kundebehova, og me har funne løysingar som har gjort det mogleg å halda oppe nær normal drift gjennom heile prosessen. Tog har halde fram med å rulla sjølv om det har vorte bygd ein heilt ny terminal, peika han på i velkomsttalen sin.

Bergen godsterminal Nygårdstangen

Bilde av kontainer som løftes opp av en kranbil.

Foto: Marius Martinsen Vatvedt, Bane NOR


Publisert: 30. august 2023 klokken 14:40