No er rutetabellane endra på jernbanen
Søndag 10. desember blei det innført nye rutetabellar for heile Jernbane-Noreg. Det betyr at toget du vanlegvis tek kan gå til eit anna tidspunkt.
Publisert: 8. desember 2023 klokken 15:50
Oppdatert: 11. desember 2023 klokken 10:58
Kvart år blir det gjennomført endringar i ruteplanen til toga. Søndag 10. desember blei det innført nye tider og avgangar som vil gjelda ut året og fram til desember 2024.
Sørg for å sjekka Enturs app, appane til togselskapa eller Bane Nors NÅ-app for å sjå kva dette betyr for deg.
Fleire avgangar og kortare reisetid
Togselskapa har også delt informasjon om endringane på nettsidene sine:
Informasjon frå Vy
Det er spesielt på laurdagar og søndagar ei rekkje linjer får fleire avgangar. Toga i Follo og Østfold får også nokre fleire avgangar i rushtida.
Me doblar talet på avgangar mellom Oslo og Göteborg, med avgang annankvar time, skriv Vy på nettsida si.
Informasjon frå SJ Norge
Randklev bru opna for traffikk igjen 20. mai i 2024. Les meir om rutetabellar og planlegg reisa di på sj.no
Informasjon frå Go-Ahead
Det blir nokre endringar for både Sørlandsbanen og Jærbanen, skriv Go-Ahead på nettsida si, og listar opp desse endringane.
Ønskjer eit meir stabilt tilbod
Arbeidet med å endra rutetabellane er eit enormt puslespel som blir lagt kvart år.
– Me håpar at dette vil bidra til litt færre forseinkingar og innstilte avgangar, fortel Henning Scheel, konserndirektør for Kunde og marknad i Bane Nor.
Han viser til dagens situasjon med stor trafikk og køkøyring på store delar av jernbanenettet.
– Alle ønskjer me fleire togavgangar, fleire passasjerar og meir trafikk. Samtidig er feilmarginane små når kapasiteten er sprengd. Me ønskjer at desse endringane i ruteplanen skal bidra til eit meir stabilt tilbod, og dermed eit betre tilbod, til dei reisande, seier Scheel.
Han forklarer at Bane Nor har brukt omfattande simuleringar og grundige punktlegskapanalysar for å forstå kvar svakheitene i rutene ligg og kva justeringar som må gjerast for å betra punktlegskapen.
Publisert: 8. desember 2023 klokken 15:50
Oppdatert: 11. desember 2023 klokken 10:58