Søknad om køyring på Rallarvegen
For køyring med motorkøyretøy på Rallarvegen må du ha løyve. Sett deg inn i gjeldande reglar, og søk om løyve her.
Rallarvegen er eit kulturminne som me må ta vare på. Målet er å avgrense køyring med motoriserte køyretøy så mykje som mogleg. Alle som vil køyre på vegen, må ha køyreløyve frå Bane NOR.
Merk! Du må søkje køyreløyve for kvart einskild oppdrag eller sesong.
Verna område
Strekninga Finse – Vatnahalsen/Myrdal er føreslått verna i "Nasjonal verneplan for jernbanens kulturminner".
På grunn av dette betraktar me delar av vegen som verna inntil det er godkjent. Motoriserte køyretøy skadar vegen og det er kostbart å reparere. Vi må prøve å avgrense skader ved å være restriktive med tildelingar.
Som hovudregel gir vi berre løyve til køyring når det er behov for å transportere utstyr eller materiell som ikkje kan transporteres på annan måte. Oppdrag som varer fleire dagar må løysast ved å ta tog eller overnatte på arbeidsstaden.
Næringsdrivande (sauebønder, kraftselskap, hotell, turisthytter) vil få godkjent sesongløyve. I tillegg til dette, blir det gitt løyve berre for nødvendig transport, det vil seie frakt av materiell som ikkje kan bli transportert med tog eller snøskuter.
Søk om køyreløyve på Rallarvegen
I søknaden må du oppgje følgjande:
- Namn, adresse, telefonnummer og e-post
- Strekning
- Biltype og registreringsnummer (inkludert tilhengar)
- Grunngjeving for køyringa
- Dato frå og til/periode
- Maks tillatte
- totalvekt: 4 tonn
- aksellast: 2 tonn
- boggilast 3 tonn
- På grunn av krappe svingar kan ikkje lengre køyretøy nyttast.
- Søkar er ansvarleg for å kontrollere at vegen er køyrbar med tanke på vêr- og snøforhold. Dersom vegen er stengt på grunn av vedlikehald eller anna arbeid frå Bane NOR si side, opplyser me om det i den aktuelle perioden.
Me gjer merksam på at det er stadvis dårleg mobildekning i området.
I tillegg til køyreløyve frå Bane NOR krev køyring mellom Sandå og Lågheller løyve frå Ulvik herad. Søk om køyreløyve på kommunens nettside.(åpnes i ny fane)
Enkeltløyve
Pris kr. 625,- per tur (tur/retur) inkl. mva.
Hos Haugastøl Turistsenter kan du hente nøkkel til bom ved Storurdi ved å visa køyreløyve.
Køyreløyve for sesong og reinsjakt
Pris kr. 125,- per tur (tur/retur) inkl. mva.
Oppgje tal på turar seinast 1. desember.
I tillegg kjem ei avgift for nøkkel til bom ved Storudi på kr. 125,- inkl. mva
Gjeld køyreløyve for sesong og reinsjakt.
Kva blir avgifta brukt til?
Køyrevegsavgifta blir brukt til å vedlikehalda vegen. Bane NOR sender faktura til søkar.
Me har ansvar for å forvalte Rallarvegen, som strekkjer seg 80 kilometer frå Haugastøl over Finse til Myrdal, og langs Flåmsbana ned til Flåm.
Ein forvaltningsplan frå 2018 legg føringar for restaurering og vedlikehald på strekninga frå Finse til Kårdal i Flåmsdalen. Dette er den mest autentiske og best varetekne delen av Rallarvegen.
Planen skal sikre at vegen blir sett i stand og utvikla vidare i tråd med landsverneplanen.
Den inneheld prinsipp for korleis me skal ta vare på den gamle byggeskikken. Til dømes skal øydelagde stikkrenner byggjast opp att med hogd naturstein slik dei vart laga i si tid, og ikkje med plastrøyr som det er i dag.