Nattarbeid i sporet frå Voss stasjon til Ygre

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Bergensbanen. I perioden frå onsdag kveld 5.juni til måndag morgon 10. juni vil det gå føre seg nattarbeid mellom Voss stasjon og Ygre.

  • Nabovarsel
  • Bergensbanen
  • Vestland

Publisert: 3. juni 2024 klokken 15:57

Arbeidet er kantslått med maskin, som vil bevege seg langs sporet. Aktiviteten vil innebere kortare periodar med noko maskinstøy og uvande lydar. Me seier oss lei for eventuelle ulemper, men strekar under at det generelle støynivået vil vere relativt moderat.

Kvifor kvelds- og nattarbeid?

Ved arbeid på-  eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk, bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.

Spørsmål om arbeida?

Dersom du ynskjer meir informasjon, eller har andre spørsmål om arbeida, ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 477 70 098 eller send en e-post til kundesenter@banenor.no

Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)


Publisert: 3. juni 2024 klokken 15:57