Nattarbeid på planovergangar mellom Urdland og Arna
Bane NOR har ansvaret for vedlikehald langs Bergensbanen. I uke 43 - 45, vil det gå føre seg nattarbeid på planovergangar mellom Urdland og Arna.
Publisert: 17. oktober 2024 klokken 13:18
Arbeidet femner naudsynte tiltak for å sikre at me overhelder gjeldande krav til siktavstandar ved planovergangar på strekninga mellom Urdland og Arna. Arbeidet vil gå føre i tidsrommet 01.00-06.00, og vil innebere støy og uvande lydar knytte til bruk av ymse maskiner og utstyr.
Me ser oss lei for eventuelle ulemper, men strekar under at arbeidet heile tida flytter seg, noko som bidreg til at periodane med særleg sjenerande støy vil være relativt kortvarige på dei enkelte arbeidsstadene.
Behov for meir informasjon?
Dersom du ynskjer eller har behov for meir informasjon om arbeidet som skal utførast, kan du nytte Kontaktskjema | Bane NOR Du kan nytte referanse BB-202410-003 om du tek kontakt.
Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (laurdag/søndag/heilagdag)
Publisert: 17. oktober 2024 klokken 13:18