Nattarbeid på Jærbanen i mai og juni
Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Sørlandsbanen. I perioden frå 12. mai og ut juni månad, vil det gå føre seg nattarbeid på utvalde delstrekningar mellom Sandnes og Stavanger.
Publisert: 29. april 2024 klokken 17:48
Arbeidet femner utskifting av slitte skjener, og vil gå føre seg i tida mellom kl. 00.30 og 04.30. Det generelle støynivået, vil være relativt moderat, men korte periodar med noko kraftigare støy, mellom anna knytt til kapping og sliping av nye skjeneskøyter på påreknast. Me gjer merksam på at arbeidet flytter seg jamt, noko som bidreg til at periodane med merkbar støy vil være forbigåande på dei einskilde plassane.
Kvifor kvelds- og nattarbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.
Spørsmål om arbeida?
Dersom du ynskjer meir informasjon eller har andre spørsmål om arbeida, ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 477 70 098 eller send en e-post til kundesenter@banenor.no
Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)
Publisert: 29. april 2024 klokken 17:48