Nattarbeid i sporet ved Voss stasjon
Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Bergensbanen. I perioden 20. – 23. september, vil det gå føre seg nattarbeid ved Voss stasjon.
Publisert: 16. september 2024 klokken 08:00
Oppdatert: 3. april 2024 klokken 09:52
Arbeidet femner utskifting av masser og sviller under ein sporveksel ved stasjonen samd diverse arbeid på høgspenningsanlegget som syter for køyrestraum til toga. Arbeidet vil gå føre seg døgnkontinuerleg frå kl. 19.00 fredag kveld til kl. 07.00 måndag morgon.
Aktivitetane vil innebere noko støy og uvande lydar, mellom anna knytt til bruk av ymse dieseldrivne spesialmaskinar og handhalde verktøy som til dømes muttertrekkerar og liknande. Me ser oss lei for eventuelle ulemper, men strekar under at det generelle støynivået vil vere relativt moderat.
Kvifor kvelds- og nattarbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.
Behov for meir informasjon?
Dersom du ynskjer eller har behov for meir informasjon om arbeidet som skal gjerast, kan du nytte Kontaktskjema | Bane NOR Referanse BB-202409-005 nyttast om du tek kontakt.
Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)
Publisert: 16. september 2024 klokken 08:00
Oppdatert: 3. april 2024 klokken 09:52