Nattarbeid i sporet ved Smedagrunnen

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Sørlandsbanen. Natt til onsdag 21. februar, vil det gå føre seg arbeid med å skifte ut ein transformator ved sporet.

  • Sørlandsbanen
  • Nabovarsel
  • Rogaland
  • Vedlikeholdsarbeid

Publisert: 8. februar 2024 klokken 08:20

Transformatoren som skal skiftast ut, ligg i nærleiken av Smedagrunnen mellom Sandnes og Gausel, og arbeidet vil gå føre seg i tida mellom ca. kl. 00.20 og 04.15 den aktuelle natta. Det generelle støynivået vil være relativt moderat, men noko støy og uvande lyd knytt til bruk av kraner og skjenegåande spesialmaskiner må påreknast.

Kvifor kvelds- og nattarbeid?

Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.

Spørsmål om arbeida?

Dersom du ynskjer meir informasjon eller har andre spørsmål om arbeida, ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 477 70 098 eller send en e-post til kundesenter@banenor.no

Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)


Publisert: 8. februar 2024 klokken 08:20