Utkøyring av skjener på Jærbanen natt til 29. februar

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Sørlandsbanen. Natt til torsdag 29. februar vil det gå føre seg transport og utlegg av nye skjener som seinare skal skiftast ut på utvalde stader og delstrekningar mellom Stavanger og Klepp.

  • Rogaland
  • Sørlandsbanen
  • Nabovarsel
  • Vedlikeholdsarbeid

Publisert: 22. februar 2024 klokken 09:07

Arbeidet vil gå føre seg i tida mellom ca. kl. 23.30 og ca. kl. 04.30 den aktuelle natta, og femner følgjande stader/delstrekningar:

  • Stavanger stasjon
  • Paradis (Hillevågsholmen) - Kvalaberg
  • Sandnes – Skeiane
  • Klepp stasjon

Natteøkta byrjar ved Stavanger stasjon og flytter seg i retning Sandnes. Aktivitetane vil innebere støy og uvande lydar. Me ser oss lei for eventuelle ulemper, men gjer samstundes merksame på at periodane med litt ekstra kraftig støy, vil være relativt kortvarige som fylgje av at maskiner og mannskap raskt flytter seg frå stad til stad.

Kvifor kvelds- og nattarbeid?

Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.

Spørsmål om arbeida?

Dersom du ynskjer meir informasjon eller har andre spørsmål om arbeida, ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 477 70 098 eller send en e-post til kundesenter@banenor.no

Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)


Publisert: 22. februar 2024 klokken 09:07