Nattarbeid Boganes - Jåttåvågen i april
Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Sørlandsbanen. Gjennom april månad vil det gå føre seg nattarbeid på delstrekninga mellom Boganes og Jåttåvågen.
Publisert: 3. april 2024 klokken 20:43
Arbeidet femner utskifting av slitte skjener. Det generelle støynivået, vil være relativt moderat, men korte periodar med noko kraftigare støy, mellom anna knytt til kapping og sliping av nye skjeneskøyter på påreknast. Me gjer merksam på at arbeidet flytter seg jamt, noko som bidreg til at periodane med merkbar støy vil være forbigåande.
Detaljar om arbeidet
Dei fleste nettene vil arbeidet gå føre seg i tida mellom kl. 00.30 og 04.30. Unnataket er natt til sundag 14. april og natt til 28. april. Desse nettene vil arbeidet gå føre seg i tida mellom kl. 23.30 og 08.00.
Kvifor kvelds- og nattarbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.
Spørsmål om arbeida?
Dersom du ynskjer meir informasjon eller har andre spørsmål om arbeida, ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 477 70 098 eller send en e-post til kundesenter@banenor.no
Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)
Publisert: 3. april 2024 klokken 20:43