Nattarbeid i sporet på Jærbanen
Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Sørlandsbanen. Gjennom januar og frem til om lag midten av februar, vil det gå føre seg ymse nattarbeid i sporet på utvalde delar av strekninga mellom Skeiane og Stavanger.
Publisert: 8. januar 2024 klokken 10:04
Arbeidet femner mellom anna transport og utskifting av skjener, samt kapping og fjerning av gamle skjener som vart bytta ut i fjor haust. Det generelle støynivået, vil være relativt moderat, men korte periodar med noko kraftigare støy knytt til kapping og sliping av nye skjeneskøyter på påreknast.
Detaljar om arbeidet
I partalsvekene (2, 4, 6 og 8), vil det gå føre seg klipping og transport av gamle skjener på strekninga mellom Jåttåvågen og Stavanger. Arbeidet vil gå føre seg i tida mellom kl. 00.30 og 05.00, måndag-fredag dei aktuelle vekene. Aktivitetane vil innebere kortvarig støy, men flytter seg jamt, noko som bidreg til at periodane med støy vil være forbigåande.
Skinnetransport
Natt til 17. januar, 31. januar og 13. februar vil det gå føre seg transport av skjener på følgjande delstrekningar i denne rekkjefølga. Gausel syd – Jåttåvågen, Mariero – Stavanger og Skeiane – Paradis.
Skjenebyte
Natt til 20. januar vil det gå føre seg utskifting av skjener på delstrekninga Hillevåg - Stavanger. Arbeidet utførast i tida mellom kl. 02.30 og 17.30. Natt til 28. januar skifter me skjener på delstrekninga Mariero – Kvalaberg. Arbeidet vi gå føre seg i tida mellom kl. 02.30 og 08.30 den aktuelle natta.
Kvifor kvelds- og nattarbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.
Spørsmål om arbeida?
Dersom du ynskjer meir informasjon eller har andre spørsmål om arbeida, ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 477 70 098 eller send en e-post til kundesenter@banenor.no
Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)
Publisert: 8. januar 2024 klokken 10:04