Arbeid i sporet ved Haugastøl stasjon

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Bergensbanen. Ved Haugastøl stasjon, går me snart i gong med å skifta sviller. Arbeidet vil gå føre seg gjennom brorparten av juli månad.

  • Bergensbanen
  • Buskerud
  • Nabovarsel
  • Vedlikeholdsarbeid

Publisert: 19. juni 2024 klokken 09:51

Arbeidet skjer i vår eigen regi, og det vil mellom anna bli nytta dieseldrivne anleggsmaskiner. Arbeidet vil normalt gå føre seg i tida mellom 03.00 og 13.00 gjennom heile den aktuelle perioden. Det generelle støynivået vil være relativt moderat, men aktivitetane vil innebere korte periodar med noko kraftigare støy, mellom anna knytt til bruk av diverse handhalde verktøy og spesialutstyr.

Kvifor skifter me sviller?

Ved Haugastøl er mange sviller gamle og slitte, og må difor skiftast ut. Nye sviller bidreg til auka stabilitet og betre sporgeometri. Båe deler bidreg til noko redusert støy frå tog som passerer.

Kvifor kvelds- og nattarbeid?

Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.

Behov for meir informasjon?

Dersom du ynskjer eller har behov for meir informasjon om arbeidet som skal utførast, kan du nytte Kontaktskjema | Bane NOR med referanse BB202407-001

Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (laurdag/sundag/heilagdagar)


Publisert: 19. juni 2024 klokken 09:51