Arbeid i sporet på Flåmsbana 18. juni - 9. juli.

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Flåmsbana. På eit par utvalde delstrekningar, går me snart i gong med å skifta sviller.

  • Flåmsbana
  • Vestland
  • Nabovarsel
  • Vedlikeholdsarbeid

Publisert: 13. juni 2024 klokken 13:07

Arbeidet skjer i vår eigen regi, og det vil mellom anna bli nytta dieseldrivne anleggsmaskiner. Arbeidet vil gå føre seg på kvelds- og nattetid (21-09) gjennom heile den aktuelle perioden. Det generelle støynivået vil være relativt moderat, men aktivitetane vil innebere korte periodar med noko kraftigare støy, mellom anna knytt til bruk av diverse handhalde verktøy og spesialutstyr.

Kvifor skifter me sviller?

På nokre stader og delstrekningar er svillene på Flåmsbana gamle og slitte, og må difor skiftast ut. Nye sviller bidreg til auka stabilitet og betre sporgeometri. Båe deler bidreg til noko redusert støy frå tog som passerer.

Kvifor kvelds- og nattarbeid?

Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.

Behov for meir informasjon?

Dersom du ynskjer eller har behov for meir informasjon om arbeidet som skal utførast, kan du nytte Kontaktskjema | Bane NOR med referanse FLB202406001

Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (laurdag/sundag/heilagdagar)


Publisert: 13. juni 2024 klokken 13:07