Plattforma ved Finse moderniserast

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av jernbanen i Noreg. Ved Finse stasjon går me no i gong med arbeid for å heve standarden på plattforma ved stasjonen. Det omfattande arbeidet femner også ei omlegging av Rallarvegen i samband med at terrenget ved planovergangen skal hevast.

  • Bergensbanen
  • Vestland
  • Nabovarsel

Publisert: 27. mai 2024 klokken 16:40

Arbeidet som skal utførast av Mesta AS på oppdrag frå Bane NOR tek til i byrjinga av juni, og skal etter planen være avslutta innan utgangen av september månad. Arbeidet vil normalt gå føre seg i tida mellom kl. 03.00 og 23.00, men endringar frå dette, kan være naudsynt i enkelte periodar.

Mellombels plattform

Som eit ledd i arbeidet, vil det bli bygd ei mellombels treplattform på motsett side av spora. Denne skal nyttast medan moderniseringa av den opphavelege plattforma går føre seg. For å kome seg til og frå, må dei reisande nytte den eksisterande planovergangen i vestre ende av stasjonen.

Kvifor byggjer me ny plattform?

Plattforma ved Finse stasjon er i dårleg forfatning. Ho tilfredsstiller heller ikkje krava til universell utforming, og må difor oppgraderast til ein høgare standard. Den nye plattforma får mellom anna standard høgde på 76 cm, noko som bidreg til å gjere tryggare og enklare for reisande og kome seg inn og ut av toga. Omlegginga av Rallarvegen og hevinga av terrenget vil gje auka tryggleik for alle som kryssar planovergangen.

Kvifor kvelds- og nattarbeid?

Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald innimellom toga eller i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.

Spørsmål om arbeida?

Dersom du ynskjer meir informasjon, eller har andre spørsmål om arbeida, ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 477 70 098 eller send en e-post til kundesenter@banenor.no

Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)


Publisert: 27. mai 2024 klokken 16:40