Arbeid på planovergang ved Evanger stasjon

Bane NOR har ansvaret for drift, vedlikehald og modernisering av Bergensbanen. Natt til 29. og 30. mai, utfører me arbeid i sporet ved planovergang ved Evanger stasjon.

  • Bergensbanen
  • Vestland
  • Nabovarsel
  • Vedlikeholdsarbeid

Publisert: 24. mai 2024 klokken 17:18

Arbeidet som femner utbetring av eit skjenebrot samt noko utskifting av masser under spora, vil gå føre seg i tidsrommet 20.00 – 06.00 dei aktuelle nettene. Det generelle støynivået vil være relativt moderat, men det vil vere periodar med kraftigare støy, mellom anna knytt til bruk av diverse spesialutstyr for kapping, sveising og sliping av nye skjeneskøytar.

Me gjer merksam på at tilkomsten til planovergangen til tider kan bli noko redusert medan arbeidet går føre seg.

Behov for meir informasjon?

Dersom du ønsker eller har behov for meir informasjon, kan du kontakte vårt kundesenter på E-post kundesenter@banenor.no eller telefon 477 70 098.


Publisert: 24. mai 2024 klokken 17:18