Arbeid i sporet ved Dale stasjon 12. - 17. juni

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Bergensbanen. I perioden 12. – 17. juni, vil det gå føre seg sveisearbeid etter skjenebyte ved Dale stasjon.

  • Bergensbanen
  • Vestland
  • Nabovarsel
  • Vedlikeholdsarbeid

Publisert: 7. juni 2024 klokken 15:59

Arbeidet vil gå føre seg i tida mellom kl. 20.00 og 06.00 dei aktuelle nettene, og vil innebere støy og uvande lydar mellom anna knytt til bruk av handverktøy og små maskiner. Me ser oss lei for eventuelle ulemper, men strekar under at periodane med særleg mykje støy, vil være kortvarige.

Kvifor kvelds- og nattarbeid?


Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.

Spørsmål om arbeida?

Dersom du ynskjer meir informasjon, eller har andre spørsmål om arbeida, ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 477 70 098 eller send en e-post til kundesenter@banenor.no

Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)


Publisert: 7. juni 2024 klokken 15:59