Nattarbeid i sporet ved Voss stasjon

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Bergensbanen. I perioden 2. – 6. juni, vil det gå føre seg nattarbeid ved Voss stasjon.

  • Bergensbanen
  • Vestland
  • Nabovarsel
  • Vedlikeholdsarbeid

Publisert: 27. mai 2024 klokken 11:23

Arbeidet femner mellom anna sveising av spor ved lokomotivstallen. Dette arbeidet skal etter planen gå føre seg på dagtid (07-19) søndag, men endringar kan bli naudsynt om temperaturen viser seg å bli for høg til at vedlikehaldet kan gjerast på dagtid.

Resten av arbeidet femner mellom anna utskifting av massar ved brua over Ringsheimvegen. Dette vil gå føre seg i perioden 2. – 6. juni. Arbeidstidene vil være 20.00 – 06.00 kvar natt i den aktuelle perioden. Aktivitetane vil innebere noko støy og uvande lydar, mellom anna knytt til bruk av dieseldrivne maskinar. Me ser oss lei for eventuelle ulemper, men strekar under at det generelle støynivået vil vere relativt moderat.

Kvifor kvelds- og nattarbeid?

Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.

Spørsmål om arbeida?

Dersom du ynskjer meir informasjon, eller har andre spørsmål om arbeida, ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 477 70 098 eller send en e-post til kundesenter@banenor.no

Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)


Publisert: 27. mai 2024 klokken 11:23