Utbetring av drenering mellom Varhaug og Vigrestad
Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og utbetring av Sørlandsbanen. No er me i gong med å reinske linjegrøfter og stikkrenner på delar av strekninga mellom Varhaug og Vigrestad. Arbeidet vil gå føre seg i om lag tre månader framover.
Publisert: 27. november 2024 klokken 08:27
Arbeidet går føre seg i tida mellom kl. 23.00 og 05.00 på vekedagane (måndag-fredag). Natt til laurdagar og sundager er arbeidstidene høvesvis 02.30 – 06.30 og 02.30 – 09.15. Verksemda vil innebere støy, uvande lydar samt sjenerande arbeidsljos frå dieseldrivne maskinar. Me gjer elles merksam på at det i samband med arbeida, vil vere aktivitet knytt til eit mellombels rigg- og anleggsområde ved Varhaug stasjon.
Me ser oss lei for eventuelle ulemper, men strekar under at støyen vil være relativt moderat. Me er også lei for ulemper knytt til sjenerande arbeidsljos frå maskinane, men det er diverre ikkje mogleg å unngå at arbeidsljos stundom sveiper over bustader som ligg i nærleiken når maskiner svingar rundt.
Kvifor kvelds- og nattarbeid?
Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.
Behov for meir informasjon?
Om du ynskjer eller har behov for meir informasjon om arbeidet som skal gå føre seg, kan du nytte Kontaktskjema | Bane NOR Referanse SB-202411-005 nyttast om du tek kontakt.
Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)
Publisert: 27. november 2024 klokken 08:27