Rehabilitering av tunnelar og plattform ved Mosby
Bane NOR svarer for vedlikehald og modernisering av Sørlandsbanen. Slik me tidlegare har informert om, skal me utbetra Auklandtunnelen og Mosbytunnelen samt fjerne mellomplattforma ved Mosby stasjon.
Publisert: 10. januar 2025 klokken 11:20
Arbeidet utførast av Banefjell AS, og femner mellom anna utbetring av betong samt løysningane for frost- og vassikring i tunnelane. I tillegg skal mellomplattforma ved Mosby stasjon fjernast. Arbeidet har gått føre seg ei stund allereie, og vil fortsette gjennom januar og februar.
Arbeidstider
Arbeidet i tunnelane vil normalt gå føre seg i tida mellom 03.45 og 11.45. Arbeidet med å fjerne mellomplattforma vil gå føre seg på dagtid. Det generelle støynivået vil være relativt moderat, men noko støy og uvande lydar, må påreknast. Me ser oss lei for eventuelle ulemper som fylgje av dette.
Behov for mer informasjon?
Dersom du ynskjer eller har behov for meir informasjon om arbeidet som skal gjerast, kan du nytte Kontaktskjema | Bane NOR Vær venleg å gje opp referanse SB-202501-002.
Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (laurdag/sundag/heilagdag)
Publisert: 10. januar 2025 klokken 11:20