Nattarbeid i sporet på Jærbanen

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Sørlandsbanen. Gjennom oktober og november, vil det gå føre seg nattarbeid på utvalde delstrekningar mellom Sandnes og Stavanger.

  • Sørlandsbanen
  • Rogaland
  • Naboinformasjon
  • Vedlikeholdsarbeid

Publisert: 15. oktober 2024 klokken 14:31

Arbeidet femner utskifting av slitte skjener på desse delstrekningane:

  • Sandnes stasjon – Skeiane
  • Boganes – Hinna
  • Vaulen – Mariero
  • Mariero – Stavanger

Arbeidet vil gå føre seg i tida mellom kl. 00.30 og 04.30. Det generelle støynivået vil være relativt moderat, men korte periodar med noko kraftigare støy, mellom anna knytt til kapping og sliping av nye skjeneskøyter må påreknast. Me gjer merksam på at arbeidet flytter seg jamt frå stad til stad, noko som bidreg til at periodane med merkbar støy vil være forbigåande på dei einskilde plassane.

I samband med omfattande fornying av skjenegangen på fleire delstrekningar over lengre tid, kan det skje at føresetnadane endrar seg undervegs. Me ber difor om forståing for at det diverre ikkje er mogleg å være meir konkret om kvar arbeidet vil gå føre seg til ein kvar tid i løpet av dei tre månadane.

Kvifor kvelds- og nattarbeid?

Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.

Behov for meir informasjon?

Dersom du ynskjer eller har behov for meir informasjon om arbeidet som skal utførast, kan du nytte Kontaktskjema | Bane NOR med referanse SB-202410-006

Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (laurdag/sundag/heilagdagar)


Publisert: 15. oktober 2024 klokken 14:31