Rehabilitering av tunnel og plattform ved Mosby – Endra framdrift

Bane NOR svarer for vedlikehald og modernisering av Sørlandsbanen. Slik me tidlegare har informert om, skal me utbetra Mosbytunnelen og fjerne mellomplattforma ved Mosby stasjon. Planane står ved lag, men framdrifta er endra grunna avsporinga på Sørlandsbanen.

  • Sørlandsbanen
  • Agder
  • Naboinformasjon
  • Vedlikeholdsarbeid

Publisert: 6. juni 2024 klokken 17:20

Arbeidet som mellom anna femner utbetring av betong samt løysningane for frost- og vassikring i Mosbytunnelen, skulle opphaveleg ha vore i gong allereie, men som fylgje av mykje akutt ekstraarbeid og utbetring av skader på spora i kjølvatnet av godstoget som spora av i mai, er oppstarten utsett til omkring månadsskiftet august/september.

Me kjem attende med ei påminning og meir informasjon etter kvart som oppstarten nærmar seg. I mellomtida nytter me høvet til å ynskje alle i nabolaget ein framleis finfin sumar.

Behov for meir informasjon?

Dersom du ønsker meir informasjon eller har andre spørsmål om arbeida, ta kontakt med vårt kundesenter på telefon 477 70 098 eller på e-post til kundesenter@banenor.no.

Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (laurdag/sundag/heilagdag)


Publisert: 6. juni 2024 klokken 17:20