Sporarbeid i Kvålsåstunnelen

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Bergensbanen. Gjennom hausten og vinteren, vil det gå føre seg sporarbeid i Kvålsåstunnelen mellom Voss og Bulken.

  • Bergensbanen
  • Vestland
  • Naboinformasjon
  • Vedlikeholdsarbeid

Publisert: 21. oktober 2024 klokken 10:03

Arbeidet tek til 22. oktober, og femner utskifting av sviller i brorparten av den om lag fem kilometer lange tunnelen. Arbeidet vil gå føre seg i tida mellom kl. 20.00 og 08.00 på natta. I samband med arbeidet, vert det oppretta ein mellombels riggplass og svillelager ved Bulken stasjon. Her vil det være aktivitet knytt til lasting, lossing og transport av sviller.

Verksemda vil innebere noko støy og uvande lydar, mellom anna knytt til bruk av dieseldrivne maskinar. Me ser oss lei for eventuelle ulemper som fylgje av støy og uvande lydar, men strekar under at det generelle støynivået vil være relativt moderat.

Kvifor kvelds- og nattarbeid?

Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.

Behov for meir informasjon?

Dersom du ynskjer eller har behov for meir informasjon om arbeidet som skal gjerast, kan du nytte Kontaktskjema | Bane NOR Referanse BB-202410-002 nyttast om du tek kontakt.

Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)


Publisert: 21. oktober 2024 klokken 10:03