Nattarbeid i sporet på Jærbanen

Bane NOR har ansvaret for vedlikehald og modernisering av Sørlandsbanen. Gjennom hausten har me skifta skjener på utvalde delstrekningar mellom Sandnes og Stavanger. No står det berre att å frakte dei gamle skjenene vekk. Det vil gå føre seg i løpet av desember månad.

  • Sørlandsbanen
  • Naboinformasjon
  • Vedlikeholdsarbeid

Publisert: 22. november 2024 klokken 13:56

Arbeidet femner kapping og transport av gamle skjener frå desse delstrekningane:

  • Sandnes stasjon – Luravika
  • Gausel – Hinna
  • Vaulen – Mariero
  • Mariero – Stavanger

Arbeidet som etter planen skal være avslutta seinast 20. desember, vil gå føre seg i tida mellom kl. 00.30 og 04.30. Det generelle støynivået vil være relativt moderat, men korte periodar med noko kraftigare støy, mellom anna knytt til kapping av skjenene må påreknast. Me gjer merksam på at arbeidet flytter seg jamt frå stad til stad, noko som bidreg til at periodane med merkbar støy vil være forbigåande på dei einskilde plassane.

I samband med arbeid på fleire delstrekningar over lengre tid, kan det skje at føresetnadane endrar seg undervegs, mellom anna grunna skiftande vèr- og føretilhøve. Me ber difor om forståing for at det diverre ikkje er mogleg å være meir konkret om kvar arbeidet vil gå føre seg til ein kvar tid.

Kvifor kvelds- og nattarbeid?

Ved arbeid på – eller i nærleiken av jernbanespor, er det av praktiske grunnar og omsyn til tryggleiken, naudsynt med full stans i den ordinære togtrafikken. Gjennom å gjere naudsynt modernisering og førebyggande vedlikehald i periodar av døgeret med liten/ingen trafikk bidreg me til å sikre at færrast mogleg av togselskapas kundar blir råka.

Takk for tolmodet

Gjennom hausten har me hatt mykje støyande nattarbeid på gong på Jærbanen. Me ser oss lei for at dette stundom har gått ut over nattefreda. Vi nyttar difor høvet til å takke for tolmodet, og ynskjer samstundes alle naboane ei riktig god jul.

Behov for meir informasjon?

Dersom du ynskjer eller har behov for meir informasjon om arbeidet som skal utførast, kan du nytte Kontaktskjema | Bane NOR med referanse SB-202411-004

Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (laurdag/sundag/heilagdagar)


Publisert: 22. november 2024 klokken 13:56