Bidreg til at heile Noreg går på skjener
I år som i fjor ønskte me velkommen til nye, og gamle, sommartilsette. Marte Arkøy og Ole Martin Tofteng er to av 28 unge menneske me har fått dela sommaren med!
Publisert: 7. september 2023 klokken 15:52
Oppdatert: 11. september 2023 klokken 17:25
Veteranen og nykommaren
I juni sat Marte og Ole Martin føtene innanfor hovudkontoret vårt i Oslo for å starta sin første arbeidsdag. I alle fall Marte, for Ole Martin har «juksa» litt og hadde jobba for oss i seks månader allereie. Han studerer ved høgskulen i Molde, avd. Kristiansund, der han startar på sitt tredje år innan petroleumslogistikk og økonomi.
Måndag 09. januar 2023 var eigentleg Ole Martins første arbeidsdag dag hos oss. Han har nemleg hatt internship i logistikkavdelinga. Når me spør han kvifor han valde å søkja sommarjobb hos oss er svaret kort og presist.
- Eg treivst rett og slett så godt med både miljøet og arbeidsoppgåvene her at eg ikkje kunne la den moglegheita gå frå meg når avdelinga fortalde at dei skulle lysa ut ei sommarjobbstilling.
Ein sommarjobb som måtte appellera
Marte er akkurat ferdig med ei master i organisasjon, leiing og arbeid ved UIO. Ho kom over annonsane til sommarjobbane våre innan eigedom då ho sat og kikka etter nye moglegheiter i arbeidslivet.
- Etter seks år som student byrja eg å bli ganske klar for å byrja å jobba. Eg var derfor på utkikk etter ei stilling eg kjende appellerte til meg, og dermed enda eg opp med å søkja på sommarjobb i eigedomsdivisjonen her.
Hadde klare forventningar
Både Marte og Ole Martin hadde ein del forventningar før dei byrja på jobb i sommar.
- Eg håpa me skulle få hjelpa til i ulike prosjekt som avdelinga allereie heldt på med, og få eit reelt innblikk i korleis eigedomsdivisjonen jobbar. Noko eg var veldig nysgjerrig på var korleis Bane Nor jobbar for å henta informasjon og kva som ligg til grunn for dei besetningane de tek, seier Marte.
For Ole Martin som allereie hadde litt fartstid i avdelinga var forventningane litt annleis. Sidan han allereie hadde vorte godt kjende med korleis teamet jobba ønsket han seg gjerne litt meir utfordringar og nokre nye oppgåver.
- Under internship-perioden min hadde eg ansvar for å kjøpa inn materiell til KL-anlegg i infrastrukturen, frå leverandøren Maxeta. Eg hjelpte mellom anna til med å skaffa nødvendig materiell til ny togparkering på Kongsberg stasjon. Etter litt erfaring med dette håpet eg derfor på å få høvet til å halda fram arbeidet, men litt meir på eigenhand i sommar, forklarer Ole Martin.
Ryddig og profesjonelt
No nærmar det seg slutten for sommarjobbkandidatane våre, der dei fleste har vore hos oss i rundt to månader. Marte og Ole Martin har hatt arbeidsstad på hovudkontoret vårt i Oslo i heile sommar, men me har hatt fleire både ute på anlegg og på kontor i Rygge, Tønsberg, Åsland, Hamar og Trondheim.
Men korleis har det eigentleg vore å jobba i ei stor bedrift midt på sommaren?
- Sjølv om eg var ganske varm i trøya etter å ha jobba her dei siste seks månadene, sat eg likevel pris på at alle sommarjobbkandidatane fekk eit skikkeleg godt opplegg med ein fin introdag, eigne fadrar og fleire planlagde aktivitetar me kunne vera med på gjennom heile sommaren, seier Ole Martin.
Marte nikkar og er samd.
- Eg vart veldig positivt overraska over at me var så mange som hadde fått sommarjobb her. Eg har både fått høvet til å læra noko nytt og fått innblikk i spennande prosjekt. Samtidig har eg fått eit nettverk og skaper minne med nokon som er på same stad i livet som meg sjølv. For meg har det vore ein perfekt balanse mellom fagleg læring og sosiale settingar med resten av sommarjobbteamet, fortel Marte.
Noko anna ho vil trekkja fram er kor profesjonelt og ryddig opplegget frå avdelinga har vore.
- Eg er veldig imponert over kor ordentleg me vart tekne imot. Då me kom var alt klart for at me kunne starta å jobba med ein gong. Avdelinga var også gode på å gjera tydeleg kva me skulle gjera før dei andre tok ferie, seier ho.
Sjølv om dei aller fleste kanskje hadde teke sommarferie når sommarjobbkandidatane våre byrja, følar både Marte og Ole Martin at dei har hatt fleire kollegaer å ta kontakt med om dei skulle ha spørsmål. Og sjølv om det har vore litt færre ansikt i gangane, fortel begge to at dei har fått kjenna på det gode miljøet i Bane Nor.
- Det er lett å snakka med alle her, både i temaet og på tvers av avdelingane og divisjonane. Eg kjenner verkeleg at me kjem tett innpå kvarandre, og det har ikkje vore noko anna enn smil å møta i gangane, skryter Ole Martin.
Har bidrege til at heile Noreg går på skjener
Etter å ha prata med Ole Martin og Marte ei lita stund verkar det som dei er strålande fornøgde over både kollegaer, oppstart og sosiale aktivitetar. Men har arbeidsoppgåvene og det fagleg vorte like bra som dei håpa?
- Eg har mellom anna fått vera med på å utvikla ein rapport på reisevegar, som eg syntest var veldig lærerikt og spennande. Og eg har absolutt fått svart på spørsmåla mine rundt korleis Bane Nor samlar inn informasjon og kva dei legg til grunn for å til dømes leggja ned ei parkering ved ein stasjon, seier Marte med eitt breitt smil.
Ole Martin nikkar forståingsfullt og legg til:
- I tillegg til å få meir ansvar som eg ønskte, har eg vore med på å overlappa andre kollegaer som skulle ut i ferie. Ei av oppgåvene eg fekk bryna meg på var mellom anna då eg fekk ein telefon frå byggjeleiar på Gjøvikbanen som fortalde at dei trong 11.000 meter kablar etter at dei fungerande hadde vorte øydelagde. Her var det berre å hiva seg rundt å ringja fleire beredskapslager for å samla inn nok kablar me kunne senda opp slik at strekninga kunne opnast til bestemt tid. Denne og andre liknande hendingar i sommar har verkeleg fått meg til å føla at eg har vore med på at heile Noreg går på skjener, fortel Ole Martin.
Det har vore to spennande månader både for oss og for våre sommartilsette, og me håpar at alle har fått ei god oppleving, lært nye ting, fått eit større nettverk og gode venner og kollegaer. Me gler oss til å sjå fleire av kandidatane igjen på eitt seinare tidspunkt.
- Og nokre av oss vil de kanskje sjå igjen raskare enn de trur. Eg kan jo ikkje slutta Bane Nor-reisa mi her, så planen min er så klart å søkja meg inn på praktikantprogrammet til neste år, avsluttar Ole Martin.
Tips frå Marte og Ole Martin
Har du lyst å søkja jobb hos oss til neste sommar har Marte og Ole Martin nokre gode tips du bør ta med deg:
- Søk hos Bane Nor uavhengig av kva utdanning du tek eller har teke. Du vil læra masse du kan ta med deg vidare inn i arbeidslivet uansett kva retning du skal, i tillegg til å få høvet til å påverka rundt eitt så viktig samfunnsoppdrag.
- Ikkje ver redd for å vera «frampå». Våg å spørja teamet du jobbar med om andre oppgåver. Slik vil du få eitt unikt innblikk i oppgåver, tema og problemstillingar.
- Kommunikasjon, kommunikasjon, kommunikasjon! Spesielt når mange er på ferie og andre eigentleg har dei oppgåvene du sit på. Viktig med løpande kommunikasjon såg oppgåver ikkje blir gjorde dobbelt.
Publisert: 7. september 2023 klokken 15:52
Oppdatert: 11. september 2023 klokken 17:25