Rehabilitering av tunnelar og plattform ved Mosby
Bane NOR svarer for vedlikehald og modernisering av Sørlandsbanen. Slik me tidlegare har informert om, skal me utbetra Auklandtunnelen og Mosbytunnelen samt fjerne mellomplattforma ved Mosby stasjon.
Publisert: 11. september 2024 klokken 16:38
Arbeidet som skal utførast av Banefjell AS, femner mellom anna utbetring av betong samt løysningane for frost- og vassikring i tunnelane. Arbeidet som også femner fjerning av mellomplattforma ved Mosby stasjon, skulle opphaveleg ha gått føre seg tidlegare i år, men vart utsett grunna godstoget som spora av i mai.
I samband med arbeidet, vert det oppretta ein mellombels riggplass ved Mosby stasjon. Arbeidet med å rigge til området er i kjømda og 23. september er me i gong med hovudarbeida som etter planen vil gå føre seg ut året.
Arbeidstider
Arbeidet i tunnelane vil normalt gå føre seg i tida mellom 03.45 og 11.45. Arbeidet med å fjerne mellomplattforma vil gå føre seg på dagtid. Det generelle støynivået vil være relativt moderat, men noko støy og uvande lydar, må påreknast. Me ser oss lei for eventuelle ulemper som fylgje av dette.
Behov for mer informasjon?
Dersom du ynskjer eller har behov for meir informasjon om arbeidet som skal gjerast, kan du nytte Kontaktskjema | Bane NOR Vær venleg å gje opp referanse SB-202409-004.
Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (laurdag/sundag/heilagdag)
Publisert: 11. september 2024 klokken 16:38