Akutt sporarbeid etter togavsporing
Natt til fredag 15. november, spora eit godstog av rett aust for Voss stasjon. Avsporinga innebar omfattande skader på spora over ein strekning på om lag tre kilometer. Før Bergensbanen kan gjenopnast, må skadane utbetrast.
Publisert: 15. november 2024 klokken 17:46
Utbetringa tek til tidleg fredag kveld, og vil gå føre seg kontinuerleg i døgna som kjem. Det akutte arbeidet femner mellom anna utskifting av sviller og andre delar av anlegga som vart øydelagd i samband med avsporinga.
Verksemda vil innebere støy og uvande lydar, mellom anna knytt til bruk av dieseldrivne maskinar, samd ymse handhalde verktøy. Me ser oss lei for eventuelle ulemper, men ber samstundes om forståing for at arbeidet er ein heilt naudsynt føresetnad for at Bergensbanen kan gjenopnast.
Behov for meir informasjon?
Om du ynskjer eller har behov for meir informasjon om arbeidet som skal gå føre seg, kan du nytte Kontaktskjema | Bane NOR Referanse BB-202411-002 nyttast om du tek kontakt.
Kundesenterets opningstider er:
08:00-19:00 (måndag-fredag)
09.00-15.00 (Laurdag/sundag/heilagdag)
Publisert: 15. november 2024 klokken 17:46